Dette bildet sende ho til topps i prestisjetung internasjonale kåring

Artikkel hentet fra NRK Sogn og Fjordane 30.08.17 av journalist: Thomas Brakstad

Blant 4500 bidrag vart bildet til fotograf Frøydis Geithus frå Sogndal plukka ut blant vinnarane til årets bryllaupsfoto.

Fjærland, brudebilde.
 
FJÆRLAND: Jon Vatlestad Uglum og Øyvind Schramm sitt bryllaupsbilde, tatt av Frøydis Geithus i Fjærland var blant dei 50 fotografia som vart plukka ut.FOTO: FRØYDIS GEITHUS

For i går vart det kunngjort at bildet hennar frå Fjærland var blant vinnarane i bryllaupsnettstaden Junebug Weddings si «2017 Best of the best destination photo» si kåring av dei beste bryllaupsbilda i verda. Junebug er blant dei mest populære nettstadane for brudepar som planlegg bryllaup – i verda.

Kontakta av Cosmopolitan

Kåringa har blitt gjort dei siste fire åra og heng høgt blant fotografar. 50 bilde vert plukka ut og alle dei 50 bidraga vert kåra til vinnarar.

Frøydis Geithus, fotograf
FOTOGRAF: Frøydis Geithus kjem frå Sogndal, men bur no i Bærum. Men kjærleiken til naturen i Sogn og Fjordane vil ho visa heile verda gjennom bilda sine.FOTO: GERT HUYGAERTS

Anerkjende Huffington Post har plassert bildet til Geithus på si topp 25-liste (ekstern lenke). Og Brides har plukka bildet ut blant sine åtte favorittar. I tillegg har ho blitt kontakt av magasinet Cosmopolitan.

– Dei ville bruka bildet mitt og eg sa ja med ein gong, seier Geithus.

Geithus har hatt foto som sin store lidenskap sidan ho hadde arbeidsveke hos den kjente sogndalsfotografen Bjørn Bergum som 14-åring. No har ho blitt 42 år og er godt i gang med sitt store mål.

Å sette Sogn og Fjordane på kartet som bryllaupsdestinasjon og det har ho klart.

– Etter at eg vart plukka ut i kåringa har fleire frå utlandet tatt kontakt med meg og dei vil ha bryllaupsbilda sine tatt i Sogn og Fjordane. Neste veke skal eg ta bilde av eit indisk par i Flåm, seier ho.

Bildet er tatt i Fjærland og er eit av to bilde tatt i Sogn og Fjordane blant dei 50 vinnarane. Det andre er tatt i Aurland av ein fotograf frå Singapore.

Eventyrleg år

Som nemnd har Geithus tatt bilde i ei årrekkje, men det siste året har ting verkeleg gått på skinner.

– Det har vore ein draum, seier ho.

For dei siste 12 månadane har ho blant anna:

  • Blitt nominert og fått topp ti plassering i kategoriane «Bryllaup» og «Fashion» i Federation of European Photographers si årlege kåring av årets fotograf i Europa.
  • Blitt ein av ni ambassadørar for kamera-giganten Nikon i Norden og Baltikum.
  • Blitt hyra inn av Nikon til å halda føredrag om foto i Portland (USA) og Barcelona (Spania) til neste år.

I tillegg kjem Nikon til Sogn og Fjordane i oktober for å laga film om ho.

– Dei kjem for å laga film om meg i det landskapet eg tek bilde i. Først var eg skeptisk for eg er mest glad i å vera bak kamera, men det er ei stor ære og det vert film, seier ho.

Og her kan du sjå fleire av bilda ho har tatt:

Frøydis Geithus brudebilde
FOTO: FRØYDIS GEITHUS
FOTO: FRØYDIS GEITHUS
FOTO: FRØYDIS GEITHUS
FOTO: FRØYDIS GEITHUS
FOTO: FRØYDIS GEITHUS
FOTO: FRØYDIS GEITHUS

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s